Statusrapportar

Statusrapportar

Vi lagar tre eller fire statusrapportar i året om NRK Nynorsk mediesenter for å fortelje omverda om kva vi driv på med. Det har vi gjort heilt sidan starten. Dermed er dei også ein dokumentasjon av oppbygginga og drifta av senteret. Du finn alle statusrapportane frå 2004 – 2015 til høgre på sida.

Ynskjer du å vite meir er det berre å ringe leiar for NRK Nynorsk mediesenter, Magni Øvrebotten, på mobil 970 55 201, eller kontor 23 521706 (Vi held til i Førde sjølv om dette er eit Oslo-nummer).

2016

Statusrapport-12.-12.-161.pdf (41 downloads)

 

Stausrapport 16.09.16 (134 downloads)

 

Statusrapport 16. 06. 16

 

Status per 29.02.2016 (100 downloads)

 

Semesteroppgåve om NRK Nynorsk mediesenter 

Hausten 2013 skreiv Arnt Øyvind Siem ei semesteroppgåve om NRK Nynorsk mediesenter, som del av eit nettsudium i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda. Han snakka med tidlegare praktikantar og leiarar i NRK om kva røynsler dei har med senteret.- Det er ein gjennomgåande raud tråd i alle intervjua eg har gjort i denne oppgåva. Det er at NRK Nynorsk mediesenter får sterk karakter for den jobben som er gjort, både frå den nynorskspråklege og journalistiske innfallsvinkelen, sa Arnt Øyvind Siem då han leverte oppgåva. Han fekk A på oppgåva.  Du kan lese ho her