30. november 2017

Hadde 17 arbeidsavtalar på 18 månadar

…Så fekk Martha endeleg fast jobb.

Martha Våge gjekk på kull 24 våren 2016. Nesten to år etter har ho fått fast jobb. (Foto: Randi Indrebø/NRK)

– Det er ein luksus å vere vikar i NRK, men det er luksus med bismak. På dei siste 18 månadane har eg hatt 17 arbeidsavtalar, og eg har søkt på fleire jobbar enn eg kan telje på sju hender. Når eg no fekk fast jobb i «Her og No» var det ein kombinasjon av nynorsk, brei NRK-erfaring og litt flaks som gjorde at det gjekk min veg, seier Martha Våge.

– I tillegg kan eg rette ein takk til bestefar min som har pirka på forteljarstemma mi sidan eg var fire år og las Jakob Sande-dikt på krakken i stova. «Martha, du må lese høgt, nydeleg, tydeleg og prydeleg. Og betre enn presten», mimrar ho.

Frå 1. januar er Martha Våge fast tilsett som «Her og No» sin Oslo-reporter i NRK P1. Då har det gått to år sidan sunnmøringen flytta til Førde for å starte på NRK Nynorsk mediesenter.

– Eg visste ikkje heilt kva eg ville i NRK. Det einaste eg visste var at eg skulle jobbe med radio, og at eg ikkje skulle jobbe med nyheiter. Etter praksisen i NRK Sogn og Fjordane hadde eg ekstern praksis i P3morgen på Marienlyst og vart endå meir usikker på kva eg ville. Eg hamna i NRK P2, der eg var reporter i Kulturhuset og produsent i Spillerom, før eg vart programleiar i Studio 2 for eit halvår sidan. Det var først då eg forstod at eg likte nyheitssakene minst like mykje som kultursakene – om ikkje enno betre, seier 28-åringen.

Ho meiner den interne søkjeretten ho fekk gjennom NRK Nynorsk mediesenter har vore viktig for at ho fekk fast jobb. No ser ho for seg å lære så mykje som mogleg gjennom vikariatet i Dagsnytt fram til jul, og så gå inn for fullt i den nye jobben frå årsskiftet.

– Eg gler meg til å bli kjend med ein ny redaksjon, i eit nytt format i ein ny kanal. Også vart det jaggu nyheiter på meg likevel, smiler Våge.