16. mai 2017

Handlingsplan for nynorsk i NRK

Leiinga i NRK har vedteke ein handlingsplan for nynorsk i NRK 2017-2018. – Skal NRK greia å oppfylla kravet om å levera mykje og god nynorsk også i framtida, må vi løfta dette kravet høgare opp i medvitet vårt. Nokre redaksjonar leverer langt over kravet om minst 25 prosent, medan andre synest det er vanskeleg å levera nynorsk i det heile, står det i handlingsplanen. Språkstyret i NRK og ei prosjektgruppe har sett på årsakene til dette og kjem med løysingar som med enkle grep kan føra til positive endringar.

Sjå omtale av Handlingsplanen for nynorsk i NRK her

– NRK skal ha eit truverdig og variert språk som heile landet kjenner seg att i. Framveksten av internasjonale medieaktørar, med sterkare og sterkare fotfeste, gjer dette oppdraget viktigare enn nokon gong. Påverknaden frå engelsk er sterk, og me må arbeida hardare for å ta vare på norsk språk, heiter det i innleiinga av planen. – Vi kan ikkje stole på at Facebook, Netflix og HBO tek vare på norsk språk, kultur og demokrati, sa kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen til Aftenposten 1. desember 2016.

I prosjektgruppa har desse vore med: Ragnhild Bjørge, språksjef, Christian Fougner, redaksjonssjef nett nyhende, Vigdis Holmaas, leiar for distriktsredaksjonen i NRK Hordaland, Ole Rolfsrud, programleiar i Sporten, Oddmund Løkengard Hoel, historikar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, og Ulf Morten Davidsen, prosessleiar.

I styringsgruppa for planen har desse site: Inger Johanne Solli, leiar for Språkstyre og dk-red I NRK Hedmark og Oppland, Steinar Nielsen, programredaktør i mediedivisjonen og medlem av språkstyret. Ragnar Christensen, dk- red. i NRK Rogaland, og Svein Ove Hansli, redaksjonssjef for økonomi og politikk i nyhendedivisjonen i NRK.

Toppleiargruppa i NRK vedtok planen 9. mai 2017.

«Sovande» nynorskkompetanse
Undersøkingar gjort i samband med dette arbeidet, syner at om lag 14 prosent av dei redaksjonelle medarbeidarane i NRK er nynorskbrukarar. Tala viser også at 20 prosent av dei som svarar at dei skriv bokmål privat, seier at dei skriv nynorsk godt eller svært godt.

Når det kjem til leiarane, er det om lag åtte prosent som er nynorskbrukarar privat, og fleire av dei skriv mest eller berre bokmål på jobb. – Trass i at vi har ein god bank med nynorskbrukarar og folk med nynorskkunnskap i staben, viser svara at nesten ingen av bokmålsbrukarane skriv nynorsk på jobb, medan nynorskbrukarane i større grad vekslar. Det er altså mykje på hente på å bruke den «sovande» nynorskkompetansen som alt finst i NRK, heiter det i handlingsplanen.

Nynorsk i NRK er eit leiaransvar

Toppleiargruppa sikrar at NRK-leiarane tar ansvar for at vi når målet om 25 prosent nynorsk i NRK.
Endringar i medievanar og publisering krev særleg merksemd på nynorskinnhald på nett og i sosiale medium. Det er eit mål å auke nynorskandelen der. Det er avgjerande for den framtidige posisjonen til nynorsk i NRK.

Nynorskmålet skal inn i målkorta til redaksjonelle leiarar i NRK.
For å tydeleggjera kravet til gjennomføring, vert nynorskkravet sett inn i målkorta frå topp til botn i organisasjonen.

Leiarar med nynorskkompetanse brukar nynorsk på jobben.
Den «sovande» nynorsk-kompetansen hjå medarbeidarar og leiarar er ein viktig ressurs. Leiarar har ansvar for at NRK tar denne ressursen i bruk. Det gjeld både redaksjonelt og i leiarskriv.

Nynorsk profilar

NRK satsar på nynorskbrukarar i talent- og profilutvikling.
NRK-redaktørar skal ha ein offensiv plan for å få opp fleire nynorskprofilar i si linje. Profilane er rollemodellar som sender viktige signal, både internt og eksternt. Profilbygging fortel kven vi ønskjer å vera og kva verdiar NRK står for.

Nynorsk mediesenter si rolle som kompetansesenter skal utgreiast.
Det skal vurderast om Nynorsk mediesenter i tillegg til rekruttering også skal ha ansvar for språkleg kompetanse-utvikling.

NRK skal ha ein strategisk kompetanseplan for nynorsk.
Redaksjonar og avdelingar med låg nynorskprosent skal prioriterast. Planen skal innehalda tiltak som kurs, evaluering og etablering av ei gruppe med nynorskfadrar. Det skal utviklast eit eige feature-kurs for nynorskbrukarar, med kjende feature-journalistar som førelesarar.

Språkkompetansen i redaksjonar og avdelingar skal kartleggjast.
Formålet med ei slik kartlegging er å få oversikt over kven som faktisk kan skriva nynorsk, kven som kan oppmuntrast til å skriva meir nynorsk på jobb, og kven som bør få tilbod om kurs.

Andre tiltak

Intervju og saker laga av nynorskjournalistar skal ikkje omsettast til bokmål.
Det gjeld også når det blir laga nettversjonar av radio- eller tv-saker.

Endringar av språkregistrering i CV.
Personalsida må endrast slik at alternativa vert nynorsk, bokmål og samisk, i staden for berre «norsk». Dette vil gje oss nyttig oversikt over språkkompetansen i NRK og over kven som treng oppfrisking eller kurs.

Tilsetjingsbrev og arbeidsavtale på nynorsk.
Både tilsetjingsbrev og arbeidsavtale må vera tilgjengelege på nynorsk, bokmål og samisk.

Gode råd til leiarar

NRK blir eit språkleg fyrtårn når du som leiar prioriterer godt språk og legg til rette for meir nynorsk. I handlingsplanen står desse tipsa:

Språkkontaktene

Når du startar arbeidet med å setja planen ut i live, set deg ned i lag med språkkontakten, og lag ein plan for nynorsktiltaka i din redaksjon. Språkkontakten har avsett éin dag i månaden til språkrøkt.

Nynorsk mediesenter.

Bruk rekrutteringstiltaket NRK Nynorsk mediesenter aktivt for å nå måla dine og for å få opp nynorskprosenten i avdelinga di.

Tenk nynorsk når du rekrutterer.
25 prosent av det NRK publiserer skal vera på nynorsk. Ta omsyn til det når du rekrutterer. Det meste av rekrutteringa i NRK i dag skjer internt eller som vikarar og tilkallingsvikarar. Still krav om kompetanse både i nynorsk og bokmål når du skriv utlysingstekst og når du intervjuar søkjarar.

Inspirer nynorskbrukarar til å skriva nynorsk på jobben.
Bruk dei i posisjonar der dei publiserer innhald. Bruk måling og evaluering aktivt for å skapa motivasjon og merksemd
om nynorsk i NRK.

Språkmiljø
Det er viktig å sikra eit godt språkmiljø i redaksjonen. Dersom du skal skapa eit godt klima for nynorskbruk, bør det vera minst to eller tre habile nynorskbrukarar som kan spela på kvarandre.

Iverksetjing, måling og rapportering
Denne handlingsplanen skal gje nynorskbruken i NRK eit løft i perioden 2017–2018, og den skal vera eit nytt, permanent styringsdokument i NRK. Planen må såleis rullerast, første gong i slutten av 2018 for ein ny planperiode som byrjar i 2019. Språksjefen og språkstyret har ansvar for rulleringa.

Oppfølging av leiaransvaret
Kringkastingssjefen presenterer planen internt og eksternt. I tillegg blir planen forankra på vanleg vis, frå leiar til leiar, frå leiar til medarbeidar.

Kvar avdeling skal definera eit talfesta mål for nynorskproduksjon for det komande året. Målet skal vera ambisiøst og spegla den strategiske satsinga for å styrkja nynorskbruken i NRK. Målet skal godkjennast av redaktør på nivå 3 og leggast inn i målkortet. Redaktør har ansvar for ein tiltaksplan som er tilpassa dei ulike utfordringane i dei ulike avdelingane. Tiltak kan plukkast frå nynorskplanen.

Språksjefen sender minst årleg ut målingar til alle leiarar, med målformmålinga i eteren, talet på nettsaker i redaksjonen, oversyn over kor mange nettsaker som er skrivne på nynorsk, og nynorskbrukande profilar. Vidare informerer språksjefen på leiarmøte i programdivisjonane og gir råd direkte til leiarar. Redaksjonane fører også sjølve tilsyn over korleis det står til med nynorskbruken og legg planar for å få medarbeidarane til å publisera meir på nynorsk. Språk og nynorskkrav er tema i utviklingssamtalane som leiarane har med dei tilsette, og som leiarane har i linja gjennom året.
Det vert også ein del av rapporteringa til årsrapporten.

Oppfølging av profilbygging, rekruttering, og kompetansebygging
Alle redaksjonar rapporterer inn nynorskbrukarar i sine redaksjonar og kva posisjon dei hadde ved inngangen til 2017 og ved årsslutt i 2017 og 2018. Ved årsslutt skal leiarane også rapportera kort om korleis dei har jobba med dette, kva som har fungert, og kva som ikkje fungerer. Dei skal også vurdera status for nynorskkompetansen i eigen redaksjon. Dette blir ein del av målkortsamtalane, og skal også rapporterast til språksjefen.

Nynorsk i tal – målingar gjennom året og ved årsslutt
• Vi held fram dei tradisjonelle målformmålingane ved årsskiftet, men synleggjer tala tydelegare gjennom året.
• Minst årlege målingar med målformmålinga i eteren, talet på nettsaker i redaksjonen, oversyn over kor mange som er skrivne på nynorsk, nynorskbrukande profilar, og så vidare, skal sendast ut til alle leiarar.
• Talet på nynorskartiklar blir ein del av standardoppsettet i evalueringssystema og i det faste oversynet over artiklane kvar redaksjon har publisert (akkurat no, siste sju og siste 30 dagar).
• Vi startar med målingar av nynorsk også på saker og seriar laga for NRK TV og SoMe, ikkje berre på dei tradisjonelle plattformene.
• Vi tel opp nynorskbrukarar i ulike avdelingar og redaksjonar og ser på utviklinga over ein toårsperiode; ikkje for å knyta dette til målformmålinga, men for å sjå om tiltaka i handlingsplanen gjev ringverknader.
• Det blir sett tidsfristar for arbeidet. Startskotet går når handlingsplanen for nynorsk er presentert tidleg i 2017, med oppfølging i 2018 og 2019.