24. november 2017

Hevar den digitale kompetansen i regionen

Martin Torstveit er ein av seks digitale spydspissar i region sør.

Sidan september har den tidlegare nynorskpraktikanten vore ute av den vanlege turnusen for å jobbe med prosjektet «Ny kurs» i region sør. Saman med fem andre personar frå tre distriktskontor skal han heve den digitale kompetansen hjå medarbeidarane i regionen.

-Eg vart spurt av redaksjonssjefen min om eg ønskte å delta i prosjektet saman med ein kollega i Telemark, og det takka eg ja til, seier Torstveit.

Hovudpoenget med prosjektet er at personane i gruppa skal lære seg eit utval digitale verktøy, for så å lære det bort til andre medarbeidarar. Dei skal dekkje fagfelta digital historieforteljing, fotografi, live, some, nettvideo og TV. I tillegg får dei spissa kompetansen sin på meir spesielle verktøy. To personar skal blant anna lære å fly drone, medan Torstveit er ein av dei som får lære å lage grafikk til video og sosiale medium i Adobe After Effects. Det er krevjande å lære programmet, men samstundes synest han det gjer meistringskjensla endå større.

-Det er stor stas å vere med på prosjektet. I tillegg til å drive opplæring får eg høve til å lære meg nye ting, samstundes som eg vert enno betre på ting eg kan frå før, seier Torstveit.

25-åringen frå Bø i Telemark var våren 2016 nynorskpraktikant på kull 24. Han hadde ekstern praksis i NRK Telemark, der han fekk vikariat etterpå – og deretter fast jobb rett før jul i 2016. Fram mot årsskiftet skal Torstveit drive med opplæring i redaksjonane, og prosjektet vil strekkje seg godt inn i 2018.