6. desember 2016

Jobben min: Vaktsjef i P3.no

Hanne Christin Våge gjekk på kull 18 med nynorskpraktikantar, våren 2013. Ho hadde ekstern praksis i P3nyhenda/ Her og Nå på Tyholt. Studerte medievitskap ved NTNU og var tilkallingsvikar i fleire redaksjonar på Tyholt før ho sommaren 2015 fekk fast jobb som reporter i P3.no, med funksjon som vaktsjef. På P3.no er det få negative reaksjonar på bruk av nynorsk.

Fortel om jobben din:

– Eg jobbar som vaktsjef og journalist hjå P3.no. Her har eg ansvar for P3.no og vår publisering i sosiale medium. Arbeidskvardagen min er veldig variert! Dagen kan innehalde alt frå å skrive sjølv og deske arbeid andre har gjort, til å redigere video og planlegge kva me skal publisere i sosiale medium den dagen. I løpet av året har me også fleire større kanalhendingar, for eksempel P3aksjonen og P3 Gull. Der er eg også med på planlegging og avvikling.

Korleis likar du deg?

– Eg føler meg utruleg heldig som får vere ein del av P3-redaksjonen på Tyholt. Her er me ein liten og samansveisa gjeng, rett og slett. Det som er så fint her på kontoret er at terskelen for å spørre kollegaer om ting er utruleg låg. Dermed er det også enkelt å samarbeide om ting på tvers av redaksjonane.

Får du reaksjonar på at du skriv nynorsk?

– Jamnt over får eg ingen negative reaksjonar på nynorskbruken. Det har sjølvsagt hendt at nokon skriv i kommentarfeltet at dei hatar nynorsk eller liknande. Usaklege kommentarar, med andre ord.

Kva har Nynorsk mediesenter betydd for deg?

– Utruleg mykje! Eg hadde aldri i verda vore her eg er i dag utan!