9. oktober 2017

Jobben min: 11 år i Dagsnytt

Eli Bjelland har arbeidd 11 år i NRK Dagsnytt, som programleiar, reporter og produsent for ulike sendingar. Ho gjekk på det fyrste kullet med nynorskpraktikantar i 2004/05 og har vore i NRK etterpå. Ho er språkkontakt for nynorsk i Dagsnytt og sit i språkstyret i NRK. Bjelland hadde 2 års medieutdanning, frå Høgskulen i Bodø, før ho vart nynorskpraktikant.

Fortel om jobben din:
Nett no jobbar eg fast med langsendingane våre på P2, som er Nyheitsmorgon, Nyheitslunsj og Nyheitsettermiddag. Eg er i produsentturnus, men har nokre programleiarvakter også. Nyheitsmorgon er hovudsendinga på radio i nyheitsavdelinga på Marienlyst. Som produsent jobbar eg tett saman med vaktsjef og programleiarar om kva saker me prioriterer og kva gjester me skal henta inn. Eg har ansvar for at sendinga går slik ho skal, at me held tida, at gjester er på plass i studio når dei skal og at liner til korrespondentar og gjester er på stell. Eg er også med på å planlegga Nyheitsmorgon til dagen etter.

Korleis likar du deg?
Eg meiner sjølv at eg har ein svært spennande jobb. Det er til tider altfor mykje å gjera og altfor lita tid til neste sending, men kjensla er ekstra god når sendinga då likevel går som ho skal og blir interessant, informativ og at ho gir lyttarane våre fine radioopplevingar. Og dei andre, der alt går gale og ingen dukkar opp der dei skal, dei irriterer deg grenselaust heilt til du neste dag skal laga ny sending. Nyheitsbiletet er aldri likt, og difor blir heller aldri arbeidsdagane i Dagsnytt like. Brått kjem terror, ras, regjeringskrise eller dødsfall inn som hastemeldingar. Alt må kastast om og alle veit som oftast kva dei skal gjera. Det er heilt fantastisk å sjå og vera ein del av radiomiljøet i nyheitsavdelinga på slike dagar, der me raskt gir lyttarane våre informasjon om det som skjer.

Kva har Nynorsk mediesenter betydd for deg?
Eg var i det aller første praktikantkullet ved Nynorsk Mediesenter, og synest det var heilt fantastiske seks månader. Me blei skreddarsydde for NRK, og fekk læra oss produksjonsutstyr og journalistikk for både radio og TV. Eg byrja å jobba i NRK Hordaland like etter, og fekk prøvd meg på både radio, TV og nett. Tilfeldigvis hamna eg i nyheitsavdelinga i Oslo etter ei stund og har vore her sidan. Eg kunne hoppa inn i dei fleste funksjonar på grunn av den allsidige opplæringa eg hadde fått i Førde, og det gjorde meg sjølvsagt attraktiv som vikar. Praktikantane frå Nynorsk Mediesenter er godt likte av alle på desken. Dei tek ting raskare enn dei som kjem ferske frå journalistutdanningane og er meir sjølvgåande. Mange av dei nynorskpraktikantane som har kome til Dagsnytt etter meg er også blitt verande, og eg håpar å få jobba med mange fleire i åra som kjem. Sosialt var også halvåret som praktikant veldig fint, og eg har framleis jamnleg kontakt med fleire av mine medpraktikantar.