15. september 2017

Jobben min: Fotograf og journalist

Sondre Dalaker (1992) kom rett frå vidaregåande skule i Sogndal då han var nynorskpraktikant i 2011/12. Han hadde praksis i NRK Sogn og Fjordane og arbeidde der eit år før han studerte fjernsynsproduksjon ved Universitetet i Stavanger i tre år. Dalaker var vikar i NRK Rogaland medan han studerte og fekk fast jobb som fotograf i NRK Sogn og Fjordane etter avslutta utdanning.

– Eg gjer det meste ein kan gjera som tilsett på eit distriktskontor i NRK. Eg er eigentleg tilsett som fotograf i Førde, men frå august har eg jobba på lokalkontoret i Sogndal som journalist. Så no jobbar eg som :
– Journalist for nett, radio og TV
– Videojournalist
– TV-fotograf for andre journalistar
– Fotograf på ein dokumentarfilm eg lagar saman med ein kollega i Førde

Korleis likar du deg?

– Eg stortrivst! Det er både harde nyheitssaker og mjukisar til alle plattformar, utrykking på hendingar og dokumentarjobbing. Dagane er veldig varierte, noko eg likar godt.

Kva har Nynorsk mediesenter betydd for deg?

– Eg vart vaksen på Nynorsk mediesenter. Eg vart kasta ut i det, og stort sett så heldt eg meg flytande med god hjelp frå dei andre på kullet, faglærarane og alle i redaksjonen i NRK S&F. Utan erfaringa og lærdomen frå mediesenteret, hadde nok NRK-karrieren mi så langt sett ganske stusseleg ut.