16. mars 2017

Jobben min: Journalist i NRK Finnmark

Ine Eftestøl (1984) fekk fast jobb i NRK Finnmark ved nyttår, og flytta frå Bryne til Alta på kort varsel. – Det kjendest som eit stort og skremmande steg, men eg var glad for fast jobb og angrar slett ikkje på at eg søkte meg hit. Her får eg jobbe med alt og ingen dagar er like, seier Eftestøl. Ho har journalistutdanning frå Australia, og gjekk NRK Nynorsk mediesenter i 2014/15. Etter det har ho arbeidd i NRK Rogaland og NRK Supernytt.

Ine Eftestøl (Foto/NRK)

– Kva er jobben din?

– Eg arbeider med både TV, radio nett og SoMe – men mest video. Det er veldig kjekt og lærerikt å arbeide så variert, og ingen dagar er like.

Korleis likar du deg?

– Eg trivs veldig bra, og blei teken imot på strålande vis av redaksjonen i Finnmark. Alle har vore fantastisk imøtekomande, hjelpsomme og varme.

– Får du reaksjonar på at du skriv nynorsk?

– Det er ikkje noko problem å vera nynorskbrukar med ei «anna» dialekt her. Det blir heller teke godt imot.

– Kva har Nynorsk mediesenter betydd for deg?

– Nynorsk mediesenter har betydd utruleg mykje, og har definitivt opna døra til drøymeyrket for meg. Tusen takk!