24. mars 2017

Jobben min: Journalist i NRK Sogn og Fjordane

Solveig Svarstad (1989) er journalist i NRK Sogn og Fjordane. Ho byrja som nynorskpraktikant i januar i fjor og fekk eit lengre vikariat i Førde etter at ho var ferdig. Men alt medan Svarstad var praktikant var ho direktereporter i 17.mai-sendinga til NRK og like eins i Vestlandsrevyen. Der har ho óg vore vikar for programleiar. Solveig Svarstad har ein master i medievitskap frå Universitetet i Bergen.

Kva er jobben din?
Jobben min er å sei god morgon når du skal ut døra, god ettermiddag når du sit i bilen på veg heim, eller god kveld når du sit i sofaen med beina på bordet. Det gjer eg enten som programleiar i radiosendingane eller som vikar på Vestlandsrevyen. Andre dagar er eg den som les fylkesnytt på radio, er reporter, oppdaterer nettstaden vår eller er produsent for sendingane. Ein variert arbeidskvardag utan like.

Korleis likar du deg?
Eg likar meg veldig godt. Spesielt med tanke på at ingen dag er lik. Den eine dagen kan eg vere direktereporter på saka om stamveg mellom aust og vest, medan eg dagen etter planlegg 17. mai-sending. Samtidig er arbeidsmiljøet noko av det beste med NRK Sogn og Fjordane. Her finn du ein heil bukett med verdas beste kollegaer.

Får du reaksjonar på at du skriv nynorsk?
Nei, det gjer eg ikkje.

Kva har Nynorsk mediesenter betydd for deg?
Alt. Tilliten ein får på Nynorsk mediesenter er gull verdt. Eg ville ikkje vore der eg er i dag utan den gode opplæringa eg fekk med meg.