10. mars 2017

Jobben min: Journalist i NRK Telemark

Martin Torstveit (1992) er fast tilsett i NRK Telemark. Han var nynorskpraktikant på kull 24, våren 2016. Hadde praksis i NRK Telemark og fekk vikariat der etterpå, og fast jobb rett før nyttår i fjor. Torstveit hadde studert kunsthistorie og film- og medievitskap ved NTNU, og gått på filmfolkehøgskulen, European Film College, i Danmark, før han vart nynorskpraktikant.

Martin Torstveit

Martin Torstveit

Kva er jobben din?
– Eg jobbar som journalist i NRK Telemark. Der gjer eg alt i frå å vere videojournalist til å lese nyhende på radioen. Eg har nyleg fått opplæring til å verte produsent på Telemarksendinga, og skal i tida framover også jobbe meir som fotograf. I tilegg jobbar eg mykje med nett og sosiale medie.

Korleis likar du deg?
– Redaksjonen i Telemark er ein flott arbeidsstad og eg trivst godt på Borgeåsen i Porsgrunn. Eg har fått mykje tillit frå fyrste dag eg gjekk inn dørene, og arbeidsmiljøet er veldig godt. Dei varierte arbeidsoppgåvene er også eit stort pluss, og eg kjenner meg privilegert som har fått fast jobb NRK.

Får du reaksjonar på at du brukar nynorsk?
– Eg har ikkje opplevd nokon negative reaksjonar på at eg nyttar nynorsk i Telemark. Korkje frå publikum eller dei eg jobbar med.

Kva har NRK Nynorsk mediesenter betydd for deg?
– Utan Nynorsk mediesenter hadde eg ikkje vore her eg er i dag. Eg er veldig glad for at eg var blant dei fem heldige som fekk gå på Nynorsk medisenter sitt 24. kull.