• Du er her: »
  • Aktuelt »
  • Jobben min: Kommunikasjonsrådgjevar i Barne- og likestillingsdepartementet
13. september 2017

Jobben min: Kommunikasjonsrådgjevar i Barne- og likestillingsdepartementet

Ingrid Brandal Myklebust (1986) var nynorskpraktikant våren 2011 og hadde ekstern praksis i Dagsrevyen. Ho var vikar der etterpå medan ho studerte. Myklebust er ein av mange nynorskpraktikantar som har hamna i informasjonsbransjen. Ho er kommunikasjonsrådgjevar i Barne- og likestillingsdepartementet.

– Jobben min handlar om alt det utadretta arbeidet i departementet. Arbeidsoppgåvene er å skrive talar, innlegg og talepunkt til statsråden, produsere innhald til regjeringa.no, intranett og sosiale media-kanalar, ta i mot og handsame førespurnadar frå media og arrangere pressekonferansar, besøk og reiser for statsråden. I kommunikasjonseininga er eg ansvarleg for familie- og oppvekstavdelinga, med saker som omhandlar barnefattigdom, vald mot barn og overføringar til barnefamiliane, blant mykje anna. Det er saker eg brenn for og som eg syns det er viktig å kommunisere på ein god måte.

Korleis likar du deg?
– Eg trives kjempegodt! Eg likar at eg styrer arbeidsdagen min mykje sjølv, og at eg både har hektiske dagar der eg er på reise og spring frå morgon til kveld, men også rolegare dagar der eg får høve til å setje meg ned å fordjupe meg i sakene. Arbeidsoppgåvene er artige og varierte. Det er også veldig spennande å få vere så tett på politisk leiing, regjeringa sitt arbeid og å få innsyn i politiske prosessar frå byrjing til slutt.

Får du reaksjonar på at du skriv nynorsk?
– Ja, det har vore nokre, men dei fleste er positive. Vi skal jo ha 25 prosent nynorsk på alt vi skriv på nettsider og i sosiale media, og eg er den einaste i kommunikasjonseininga som har nynorsk som «morsmål», så eg kjenner litt på det ansvaret og prøver å få kollegaene mine også til å bidra. For å få jobben trur eg det var utelukkande positivt at eg er god i nynorsk.

Kva har Nynorsk Mediesenter betydd for deg?
– For meg var det foten inn i arbeidslivet, mitt fyrste møte med ein jobb i den retninga eg visste eg ville. Eg likte både månadane i Førde og åra i Dagsrevyen veldig godt, og lærte utruleg mykje i NRK. På Nynorsk mediesenter fekk eg store utfordringar i fleisen kvar einaste dag, og meistringskjensla det gav har gitt meg ei tryggheit og ein sjølvtillit som eg har hatt med meg i arbeidslivet heilt sidan den tid.

(Biletet: Solveig Horne, Barne- og likestillingsminister og Ingrid Brandal Myklebust)