Marte Halsør (Foto: NRK)
8. april 2016

– Eg stortrivst

– Eg hadde ikkje vore journalist i dag om det ikkje hadde vore for NRK Nynorsk mediesenter, og i dag har eg fast jobb i Noregs største nyheitsredaksjon. Av og til må eg knipe meg sjølv litt i armen for å vere sikker på at det er sant, seier Marte Halsør, som gjekk på kull 17, i 2012/13. I dag har ho fast jobb i NRK Nyheter.

Fortel om jobben din:

— Eg er tilsett i den nyoppretta deskredaksjonen i NRK Nyheter. Den består av fleirmediale reporterar, som jobbar på tvers av redaksjonane. Tanken er at vi går inn der behovet er størst, og derfor kan dagane blir ganske ulike. Ein dag kan eg vere programleiar i Dagsnytt, neste dag skriv eg nettsaker for NRK.no, eller vert sendt ut for å dekke asylforhandlingane. Av og til veit eg ikkje kva redaksjon eg skal jobbe for før eg kjem på jobb, så det gjelder å vere førebudd på det meste og klar til å hoppe ut i det som måtte kome.

Korleis likar du deg?

— Eg stortrivst!  Dette er den perfekte kombinasjonen fordi eg får ha så mange ulike roller. Eg set óg pris på å få vere del av så mange redaksjonar, og å ikkje berre måtte velje éin. Alle redaksjonane har tatt godt i mot meg, og sidan eg starta i deskredaksjonen i januar har eg møtt og blitt godt kjend med kollegaer, som eg tidlegare berre visste namnet på. Eg har óg fått gjere ting eg ikkje har gjort så mykje dei siste åra, som til dømes å jobbe på nett. For meg har dette vore ein flott sjanse til å friske opp den fleirmediale kompetansen eg fekk ved Nynorsk mediesenter.

Kva har Nynorsk mediesenter betydd for deg?

— Eg hadde ikkje vore journalist i dag om det ikkje hadde vore for NRK Nynorsk mediesenter. Då eg starta hadde eg ikkje noko erfaring med journalistikk, og var usikker på om eg i det heile tatt kom til å bli god nok. Derfor er eg utruleg takksam for at de valde å gje meg sjansen. I dag har eg fast jobb i Noregs største nyheitsredaksjon. Av og til må eg knipe meg sjølv litt i armen for å vere sikker på at det er sant.