10. november 2015

Fekk hard hud i Førde

Hans Henrik Løken (1988) har arbeidd i NRK Sporten sidan han var der i praksis som nynorskpraktikant i 2010/11. Han vart fast tilsett i 100 % stilling våren 2015. – Sportsnyheiter er for det meste underhaldning, men det betyr ikkje at det er ein enkel jobb. Ein skal ofte kome tettast på dei som er vanskeleg å kome tett på. Også i sportsjournalistikken skal ein vera lidenskapeleg tilstades, avsløre, sjokkere og fange publikum. Ein skal gje dei beste TV-bileta, dei beste intervjua og servere dei beste overskriftene. Det er viktig å ha hard hud i konkurransen om det beste. Det fekk eg hos Nynorsk Mediesenter, seier Hans Henrik Løken.

– Denne jobben handlar i hovudsak om å lage sportsnyheiter og magasinsaker. Større hendingar skjer ofte i utlandet, som at ein norsk spelar eller trenar blir klar for ein klubb/eit lag, blir sparka av ein klubb/eit lag eller speler ein avgjørande rolle/presterer oppsiktsvekkande bra for ein klubb/eit lag. Det betyr at ein må reise ein del på kort varsel. Og større sportsarrangement skjer ofte i utlandet, som betyr meir reising.

– Spennande jobb for ein sportsinteressert kar?

– Ja, ein får sjå landet og verda i denne jobben, men må også ha kunnskap om sport og ofte kjempe i kulissane for å få tilgang til personar og klubbar som er svært beskytta og lukka. Ein får vere tilstades når det skjer noko historisk i sportssamanheng, som at Manchester City tar ligagullet frå Manchester United på overtid i siste serierunde, og 40 000 fans stormar banen med tårer i augene for å feire det første serietroféet på over 50 år.

Eller at Lionel Messi blir tidenes toppscorar i Champions League.

Eller at Tour de France-skurken Lance Armstrong returnerer til Frankrike for første gang etter tidenes største dopingavsløring i sykkelsporten – framfor hundrevis av blodtørste journalistar. Alt dette har eg fått med meg fordi eg er journalist i NRK Sporten, seier Hans Henrik Løken.