5. oktober 2017

Jobben min: Programleiar og reporter

Kjersti Anderdal Bakken (1990) er fast tilsett og arbeider som programleiar og reporter i NRK P1 på Tyholt. Ho har ein Master i musikkvitskap, med fordjuping i media, og var nynorskpraktikant i 2015/16. Bakken hadde praksis i Norgesglasset i NRK P1 og fekk fast jobb i NRK på Tyholt same året som ho var praktikant.

– Etter praksisen fekk eg fast stilling som omfattar både reportervakter i Norgesglasset og programleiing i Kveldsåpent. Stillinga er delt 50/50 mellom programma, noko som er utruleg kjekt då eg får både leika meg med reportasjar og SoMe-videoar, i tillegg til å leie eit program og intervjue mange spanande musikarar. Tyholt er også veldig fint på den måten at ein stadig får testa ut nye roller og program, så no er eg vel oppe i åtte. Og eg tel enno!

Korleis likar du deg?
– Veldig! Kvar dag er forskjellig, og kvar dag lærer eg masse, både om radiofaget og om det som rører seg i samfunnet. Redaksjonen fungerer som eit fotballag: folk har ulike roller, men me speler kvarandre gode. Her er mange hardtarbeidande folk som har lært meg så mykje og som har vore inkluderande frå dag éin.

Kva har Nynorsk mediesenter vore for deg?
– Eg hadde ingen journalistisk utdanning før eg byrja på Nynorsk mediesenter, berre ein stor draum om å gjere karriere i radiobransjen, som eg hadde fått smak på gjennom studentradioen Radio Revolt. Det intensive halvåret i Førde gav meg den kunnskapen og mogelegheita eg trengte, og no har eg jammen meg fått jobben eg håpa på!