3. april 2017

Jobben min: Reporter i innanriks

– Nynorsk mediesenter var døropnaren min til journalistikken, seier Ann-Iren Finstad, som har arbeidd i mange av nyhenderedaksjonane på Marienlyst sidan ho hadde praksis i Kulturnytt. Finstad gjekk på det niande kullet med nynorskpraktikantar i 2008/09.

Fortel om jobben din:
– Utover min faste plass som reporter i innanriks, har eg det siste året jobba som reporter i deskredaksjonen, utanriks og økopol. Eg har jobba på alle plattformer og får stadig nye tema å bryne meg på. Ein føler seg av og til som ei potet, men på den positive måten. For ein blir meir spelbar og kan bidra på fleire stader. Og det er utvilsamt ein fordel når det stadig dukkar opp nye sjansar

Korleis likar du deg?
– I NRK Nyheter er to dagar aldri like. Kvar einaste vakt kan by på spennande oppdrag og møter med nye folk. Det gjer jobbkvardagen variert, krevande og ikkje minst interessant. Med utruleg mange dyktige kollegaer rundt, er det lett å trivast.

Kva har Nynorsk mediesenter vore for deg?
– Nynorsk mediesenter var min døropnar til journalistikken. Eg hadde studert medievitskap og jobba tett på det journalistiske miljøet i TV 2, men den journalistiske praksisen mangla eg. Heldigvis fekk eg den på hemsen til Nynorsk Mediesenter i Førde. Det var min unike moglegheit og eg ville aldri vore fast tilsett i NRK Nyheter utan den erfaringa eg fekk der.