7. april 2016

Videojournalist i NRK Supernytt

– Eg trur ikkje eg kunne vore meir nøgd med- og takksam for jobben min, seier Ine Eftestøl. Ho var praktikant på kull 21, og jobbar i dag som vikar i NRK Supernytt.

Kva går jobben din ut på?

— Eg er VJ i Supernytt, og lagar nyhende for barn mellom 8 og 12 år. Jobben er veldig variert, og vekslar mellom opptak, redigering og nettvakter. Sjølv om redaksjonen held til på Marienlyst så jobbar eg stort sett frå Rogaland, der eg jobba i lokalen som tilkallingsvikar fram til eg fekk vikariat i Supernytt. Reiser til Oslo og jobbar med gjengen i redaksjonen der no og då, så føler eg får vera ein del av gjengen der, i tillegg til at eg føler meg veldig heime med redaksjonen i Rogaland. Heilt topp.

Korleis likar du deg?

— Eg trivs heilt fantastisk godt i ein jobb som gjev stor fridom til å koma med idear og løysingar. Redaksjonen heiar fram krativitet, og det er ein utruleg fin gjeng å jobba med. Trur ikkje eg kunne vore meir nøgd med- og takksam for jobben min. Dessutan er det barnleg gildt å vera «Super-reporter» og laga «Super-saker»…

Kva har Nynorsk mediesenter betydd for deg?

— Mediesenteret har betydd alt for at eg har landa i den beste jobben eg kan tenka meg. Læringskurva i Førde var stupbratt, og er framleis bratt. Det er noko av det kulaste med denne bransjen. Det er så mykje å læra og så mykje å tenna på. Hjarteleg takk for at de opna døra for meg!