4. oktober 2017

Jobben min: Vikar i Økopol i NRK

Espen Breivik (1992) er vikar i avdelinga for økonomi og politikk i NRK Nyhende. Der har han arbeidd sidan han hadde praksis i avdelinga i mai og juni, som nynorskpraktikant på kull 26. Breivik har vore leiar for Røde Kors Ungdom, studert statsvitskap, drama og teater og vore frilansar for fleire lokal- og nettaviser.

Kva er jobben din?
– Eg leverer saker til Dagsrevyen, Dagsnytt, nrk.no og sosiale medium! Det kan vere alt frå å rapportere direkte frå ei pressekonferanse på statsministeren sitt kontor, til å dekkje større saker i team eller grave i rekneskap og dokument vi får innsyn i. Det var spesielt kjekt og lærerikt og vere i denne redaksjonen under valkampen og valnatta. Som regel er det svært hektisk og det handlar ofte om å vere først ute.

Korleis likar du deg?
– Eg likar meg svært godt. Du arbeider med mange av dei kjende og dyktige journalistane innan politikk og møter dagleg statsrådar, politikarar og kommunikasjonsrådgivarar som kanskje gjer det dei kan for å stoppe saka di. Då gjeld det å ikkje la seg vippe av pinnen. Det er både krevjande og lærerikt. Ingen dagar er like, det kan vere at du møter opp i dressjakke klar for å dra på Stortinget, men endar opp med støvlar i ei hendig utanfor byen. Sjølv er det denne variasjonen eg likar godt, spesielt når du også får prate med «mannen i gata» og ikkje berre dei dresskledde mennene vi alt ser mykje til i media.

Kva har Nynorsk mediesenter vore for deg?
– Det er ingen tvil om at Nynorsk mediesenter var den beste inngangen eg kunne ha for vidare arbeid i NRK. Eg vil hevde at månedane i Førde er dei mest lærerike og effektive eg har vore med på. Før eg byrja som praktikant hadde eg noko erfaring med frilans og arbeid innan organisasjonsverda, samt utdanning innan statsvitskap og drama, men mediesenteret gjorde meg trygg på NRK som arbeidsplass, relevante programvarer og journalistiske verktøy. Det har også vore ein stor fordel å ha erfaring frå alle medieplattformer, i og med at eg har arbeidd med både nett, sosiale media, radio og tv.