61,5 prosent arbeider i media  
16. juni 2017

61,5 prosent arbeider i media

NRK Nynorsk mediesenter har fellesferie i juli. Det er den einaste månaden i året vi ikkje har nynorskpraktikantar. Vi ynskjer alle ein god sommar. [...]
» Les meir

Fire av fem held fram  
15. juni 2017

Fire av fem held fram

Nynorskpraktikantane har praksis i NRK Finnmark, NRK Møre og Romsdal, NRK Sogn og Fjordane, Kulturnytt i NRK P2 og Økpol, avdelinga for økonomi og politikk i NRK Nyhende. Dei er ferdige 30. juni. Wibeke Bruland har fått sommarjobb i NRK Sogn og Fjordane, Aleksander Båtnes i NRK Møre og Romsdal, Sigrid [...]
» Les meir

 
9. juni 2017

Sluttar i NRK - går til Nationen

Sjefredaktør Irene Halvorsen lyste for ei tid tilbake ut fleire leiarstillingar i Nationen, og no er tidlegare nynorskpraktikant Svein Ove Hansli tilsett som nyhenderedaktør i avisa. Hansli har frå hausten 2014 vore redaksjonssjef for Økopol i NRK Nyhende, og hatt ansvaret for NRK-redaksjonen som dekkjer økonomi og politikk. Han har tidlegare jobba som [...]
» Les meir

Rundreise til kull 26  
29. mai 2017

Rundreise til kull 26

Det er tradisjon i NRK Nynorsk mediesenter å besøkje nynorskpraktikantane medan dei er i ekstern praksis. Både for å høyre korleis dei har det, og korleis dei meistrar oppgåvene dei får. Leiaren for mediesenteret møter både praktikant, fadder og redaksjonsleiar på praksisplassen. Dette er reiseruta til kull 26: Alta 7. juni, [...]
» Les meir

Fekk fast jobb etter fem år  
23. mai 2017

Fekk fast jobb etter fem år

- Det er veldig kjekt å få fast jobb i NRK Sogn og Fjordane. Her jobbar det ein ung, engasjert og kvalitetsbevisst gjeng som det er fint å vere ein del av. Wilhelm Støylen hadde praksis i Nitimen, og har seinare arbeidd i Nitimen, NRK Møre og Romsdal, Kveldsåpent og [...]
» Les meir

Kull 27 er tilsett  
15. mai 2017

Kull 27 er tilsett

Kull 27 skal byrja på opplæringa i Førde 21. august i år, og er ferdige her til jul. I januar og februar skal dei ha ekstern praksis i andre redaksjonar, og dei er ferdige som nynorskpraktikantar til 1. mars 2018. Ådne Sandvik Dyrnesli, fødd 1993, kjem frå Kinsarvik i Hardanger, men [...]
» Les meir

 
11. mai 2017

Ros til Klassekampen

Heile fråsegna frå juryen:   Guri Kulås Som filmmeldar i Klassekampen gjennom 20 år kombinerer Guri Kulås eit høgt språkleg nivå med eit høgt fagleg nivå. Ho skriv lett og oppfinnsamt, klart og presist. Fagleg deler ho vurderingane sine av estetiske sider ved filmane på ein måte som gir lesaren innsikt i dette kunstutrykket, [...]
» Les meir

Hognaland til Apeland  
4. mai 2017

Hognaland til Apeland

Ingrid Hognaland hadde ekstern praksis ved lokalkontoret til NRK Rogaland i Haugesund, og arbeidde der som tilkallingsvikar ei tid etterpå. Ho fekk fast jobb som journalist i Tysvær Bygdeblad og seinare som nettjournalist i Haugesund Avis, før ho utdanna seg til siviløkonom ved Norges Handelshøgskule. Ho var tilkallingsvikar i NRK [...]
» Les meir

Kull 26 i ekstern praksis  
2. mai 2017

Kull 26 i ekstern praksis

Kull 26 byrja i praksis i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane 7. mars, og arbeidde der til 28.april. Dei starta som nynorskpraktikantar 4. januar, og har fått opplæring i journalistikk, data, teknikk og nynorsk som mediespråk. Og dei har lært å arbeide på alle plattformer; nett, sosiale medium, radio [...]
» Les meir

Farvel til Førde  
28. april 2017

Farvel til Førde

Kullet takka for seg ved å spele av ei sjølvlaga radiosending som dei kalla "Framfus". Med den fekk dei fortalt at dei har lært mykje på desse fire månadane i Førde, og at ein må vere litt framfus for å vere nynorskpraktikant. – Det er alltid kjekt for redaksjonen å få [...]
» Les meir