21. desember 2016

Kull 25 dreg ut i verda

Det 25 kullet har reist frå Førde, og med dei har NRK Nynorsk mediesenter sendt frå seg 125 nynorskpraktikantar. På avsluttinga med redaksjonen i NRK Sogn og Fjordane leverte dei ein særs god parodi på redaksjonsmøta, og sentrale personar på huset.

Marte Iren Noreng Trøen takka på vegne av kullet. Ho la vekt på at dei hadde kjent seg som ein del av redaksjonen frå fyrste dag av, og blitt tiltrudde store oppgåver og ansvar. – Det er utruleg kor ein veks med oppgåvene når ein vert rekna med på den måten, sa Noreng Trøen.

– Det er alltid eit godt løft for redaksjonen å få praktikantane i praksis i redaksjonen. De skal vite at de vert sakna når de reiser, og at vi alle vil dykk vel, sa distriktsredaktør Terje Gilleshammer då han takka for den store innsatsen deira i redaksjonen.

Magni Øvrebotten oppmoda dei om å syne kva dei er gode for der dei kjem, og ikkje tenkje for mykje på at det er trangt om jobbane.- Alle redaksjonar treng engasjerte, allsidige og dyktige folk, sa Øvrebotten.

Med kull 25 har NRK Nynorsk mediesenter lært opp 125 nynorskpraktikantar. Av dei 120 som er ferdige har 60 prosent arbeid i media, 47 prosent i NRK. Kull 25 spreier seg godt utover landet i ekstern praksis: Kathrine Nygård skal til Superdesken og Skulefri i NRK Super, på Marienlyst, Anders Tesdal Galtung til NRK Hordaland. Josef Benoni Ness Tveit skal til NRK Nordland, Marte Iren Noreng Trøen til NRK Hedmark og Oppland, på Lillehammer, og Krista Lien Indrehus til Norgesglasset i NRK P1, på Tyholt i Trondheim.

Den 4. januar, same dagen som dei byrjar i ekstern praksis, byrjar kull 26 på opplæringa i Førde. Vi i NRK Nynorsk mediesenter tek ferie til 2. januar, og ynskjer alle ei god jul og eit godt nytt år.