7. mars 2017

Kull 25 er ferdig

28. februar var siste dagen til kull 25 som nynorskpraktikantar. Ein har fått seg vikariat, ein assistentjobb, ein har fått tilkalling, og to sommarjobb. – Det er slik jobbsituasjonen i NRK er no, seier Magni Øvrebotten. Medrekna dette kullet nar vi sendt frå oss 125 nynorskpraktikantar. 59 prosent av dei arbeider i media, 48 prosent er i NRK.

Kathrine Nygård (1993) hadde praksis i NRK Super, der ho arbeidde for «Skolefri» og Superdesken. Ho får halde fram som assistent i Super fram til sommaren. Der skal ho fyrst vere med i arbeide med utvelging (casting) av folk til ei ny stor dramasatsing. Etterpå skal ho arbeide i Barne-TV, med ansvar for å filme og redigere små videoar. Anders Tesdal Galtung (1994) hadde ekstern praksis i NRK Hordaland, og håpar på sommarjobb der. Josef Benoni Ness Tveit (1997) hadde ekstern praksis i NRK Nordland og har fått seg vikariat der fram til august, som journalist på alle plattformer.

Marte Iren Noreng Trøen (1990) var på Lillehammer i ekstern praksis, i NRK Hedmark og Oppland. Ho held fram som tilkallingsvikar der og har fått seg sommarjobb i NRK Sogn og Fjordane. Krista Lien Indrehus (1989) hadde praksis i Norgesglasset i NRK P1, på Tyholt. Ho er lærar på vaksenopplæringa i Trondheim fram til ho skal ha sommarjobb i NRK Sogn og Fjordane.