5. januar 2017

Kull 26 på plass

I går byrja kull 26 på opplæringa her i Førde. Det var som vanleg ein spent og forventningsfull gjeng som møtte opp til «fyrste skuledag». Dei vart proppa med mål og meining med tiltaket, opplæringsplan, omvising på huset, innføring i «tekniske ting» og «ord og utrykk i journalistikken». Dagen vart avslutta med sams middag med vaktsjefar og leiing i NRK Sogn og Fjordane, for å bli litt kjende.

Frå venstre: Espen Breivik, frå Volda, Wibeke Bruland, Stryn, Aleksander Båtnes, Sula, Sigrid Sørumgård Botheim, Lesja, og Snorre Sandemose, frå Gulen.

I dag var dei på sitt fyrste redaksjonsmøte i NRK Sogn og Fjordane, før det var rett i opplæring av ENPS, eit system for tekstbehandling. I morgon er det  nytt redaksjonsmøte, og dei skal lære opptak med Nagra og IPhone, og opptaks- og redigeringsprogrammet DIGAS. Komande måndag skal dei levere fyrste radioreportasjen sin.

Faglærarar er Randi Indrebø og Rune Fossum Lillesvangstu, som er mest like spente som dei nye nynorskpraktikantane.