13. oktober 2017

Søknadsfrist 15. oktober

Søndag 15. oktober er fristen for å søkje om å bli nynorskpraktikant på kull 28. Dei fem heldige vert tilsette i byrjinga av november. Kull 28 skal byrje på opplæringa i Førde 3. januar og er ferdige som nynorskpraktikantar 30. juni 2018.
– Dette er «helvetesveka» for oss i NRK Nynorsk mediesenter. Sjølv om vi veit at journalistemne ofte er folk som gjer det meste i siste liten er det ei påkjenning å vente på søkjarane, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.

Filmen er laga av og med kull 27 og lysinga finn du her

– Vi leitar etter engasjerte og godt orienterte nynorskbrukarar frå heile landet, som vil bli journalistar. Vi tek inn folk med ulike utdanningar og bakgrunnar, men dei må ha fullført vidaregåande skule, seier Magni Øvrebotten, som skal tilsette kull 28 saman med faglærar Rune Fossum Lillesvangstu.

Når søknadsfristen er ute 15. oktober brukar vi nokre dagar på å lese søknadar, før vi kallar inn dei aktuelle til intervju, språk – og studiotest. I snitt brukar vi å ha inne frå åtte til ti kandidatar, stundom litt fleire. Vi satsar på å ha tilsett til 3. november.

Per dags dato har NRK Nynorsk mediesenter lært opp 130 nynorskpraktikantar og 58 prosent av dei arbeider i media. 45 prosent er i NRK og fordeler seg nokså jamt på distrikts- og riksnettet.

Lurer du på kva som krevst for å bli nynorskpraktikant finn du meir om det her