7. februar 2017

Kven skal få nynorskprisen?

Vanlegvis er 1. april fristen for å kome med framlegg om kven som skal få Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar. I år er det ein laurdag, difor får de heile helga til å skrive framlegg til prisvinnarar i 2017. Vi må ha dei inn i løpet av søndag 2. april. Kven som får prisen vert bestemt i mai, og han vert delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta 30. juni i år. Det vert siste tildelinga frå noverande jury.


Håkon Haugsbø er leiar for juryen. Han er kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp. Med seg i juryen har han redaktør Svend Arne Vee i Firdaposten, Florø, og forfattar/journalist Agnes Ravatn, Valevåg. Heile juryen trekkjer seg når dei har site perioden sin ut til 1. juli i år. Dei har gjeve prisen til desse tre: Ingunn Solheim, NRK, Jan Zahl, Stavanger Aftenblad, og Jon Hustad, Dag og Tid/TV 2. No er spørsmålet kven som får den siste prisen frå noverande jury?

Leiaren for NRK Nynorsk mediesenter, Magni Øvrebotten, er sekretær for juryen. Ho fortel at dei fleste prisvinnarane har vore føreslegne av ein eller fleire personar, som har lagt arbeid i å skrive ei skikkeleg grunngjeving for kvifor kandidaten deira bør få prisen. Det er viktig å legge ved døme på arbeid kandidaten din har gjort.

Føremålet med Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar er å fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein dyktig journalist som brukar ein levande og god nynorsk. Og som er er eit føredøme for andre. Prisen er på 50.000 kroner og eit norsk kunstverk.

Prisen har vore delt ut sidan 2006. Totalt har tolv journalistar fått denne heideren, og dei fordeler seg likt på aviser og kringkasting. Kjønnsfordelinga er sju menn og fem kvinner. Kven dei er finn du her