23. november 2016

Lokkar ungdomen til VTB med Snapchat

Line Omland Eilevstjønn (1993) var nynorskpraktikant på kull 23, 2015/16. Ho hadde praksis i NRK Telemark, og fekk tilbod om vikariat der. Men ho hadde alt takka ja til ei prosjektstilling i Vest-Telemark Blad (VTB), som SoMe-ansvarleg for nettsatsinga deira.

 Kva er jobben din?

— Medan eg framleis var praktikant i Førde fekk eg eit tilbod om ei spennande prosjektstilling i Vest-Telemark Blad – mi eiga lokalavis. Prosjektstillinga gjekk ut på å lokke ungdomen til lokalavisa med hjelp av det sosiale mediet Snapchat. Det har eg prøvd å gjera det siste halve året. Eg gjev dei 1400 følgjarane våre nyheiter på ein litt annleis måte, som etter kvart har blitt vanleg hjå fleire av mediehusa i Noreg. I tillegg er eg no tilsett i eit vikariat som vanleg journalist i same avis, så eg får gjort litt av kvart. Både SoMe og skriving ligg journalisthjartet mitt nært, så det er heilt perfekt.

Korleis likar du deg?

— Eg kosar meg veldig. Eg får utfordra meg sjølv på nye måtar heile tida. Gjennom Snapchat-prosjektet får eg prøve noko heilt nytt, samstundes som at eg får prøve meg på alle aspekt ved det å vera journalist i ei lokalavis. Og dei er det mange av. Eg har fått opplæring i å skrive saker om kommunale budsjett, eg har fått vore med på elgjakt ein heil dag og tvinga til meg ti sider til reportasjen derifrå, og eg har blitt rørt til tårer av opne og ærlege intervjuobjekt med sterke historier å fortelje.

Kva har Nynorsk mediesenter betydd for deg?

— I Førde og i praksisen på Borgeåsen i Porsgrunn fekk eg ny tru på meg sjølv. Eg lærte at det er lov å tenke at ein sjølv er flink. Eg fekk hjelp, tillit og mange nyttige lærdomar. Nynorsk mediesenter dytta meg eit steg vidare i journalistyrket, rett og slett. Og det kjem eg alltid til å vera utruleg takksam for.