26. juni 2017

Ny jury for nynorskprisen

Kulturdepartementet har nemnt opp ny jury for departementet sin nynorskpris for journalistar for dei neste fire åra: Solveig Barstad, journalist og programleiar i TV 2, Inger Johanne Sæterbakk, kommunikasjonsrådgjevar i Norges Bondelag, og Øystein A. Vangsnes, professor ved Universitetet i Tromsø og Høgskulen på Vestlandet.

Kort om bakgrunnen til juryen:

Solveig Margrethe Barstad (1966), Bærum.
Journalist og programleiar for TV 2 hjelper deg og Matkontrollen i TV 2. Ho har også vore programleiar i andre TV 2-program, mellom anna God morgen, Norge. Barstad kjem frå Førde i Sunnfjord og starta journalistkarriera si i NRK Sogn og Fjordane. Ho har også vore programvert i NRK.

Inger Johanne Sæterbakk (1981), Oslo.
Kommunikasjonsrådgjevar i Norges Bondelag. Ho var leiar for Språkåret 2013 og er styremedlem i Noregs Mållag. Sæterbakk var nynorskpraktikant på det fyrste kullet til NRK Nynorsk mediesenter 2004/05 og arbeidde fleire år i NRK etterpå. Ho har òg arbeidd med informasjon for Hålogaland teater og Tromsø kommune. Sæterbakk er fødd i Bodø og oppvaksen i Orkanger.

Øystein A. Vangsnes (1968), Tromsø
Professor i nordisk språkvitskap ved UiT Noregs arktiske universitet og professor II ved Høgskulen på Vestlandet i Sogndal. Vangsnes er oppvaksen på Leikanger og Skjetten, og utdanna frå Universitetet i Bergen. Han forskar mellom anna på den norske tospråksstoda. Han er rådsordførar i Nynorsk kultursentrum og sit i styret for Litteraturselskapet Det Norske Samlaget. Vangsnes er òg medlem av Fagrådet for skule og offentleg forvaltning i Språkrådet.

Sjå meir om Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar