17. mars 2017

Status per. 17.03.17.

Vi har klar ein ny statusrapport for NRK Nynorsk mediesenter, per 17.03.17. Han handlar om både noverande og førre kull, og nye jobbar til tidlegare nynorskpraktikantar. Per no har vi lært opp toltalt 125 nynorskpraktikantar, og 59 prosent av dei arbeider i media. 48 prosent er i NRK.

Frå venstre: Sigrid Sørumgård Botheim, Aleksander Båtnes, Wibeke Bruland, Ingvild Bryn, Espen Breivik og Snorre Sandemose (Foto: Rune Fossum Lillesvangstu/NRK)

Bilete over er frå turen kull 26 hadde til Marienlyst 1.-3. mars. Her er dei på synfaring i dagsrevystudio saman med nyhendeanker Ingvild Bryn, som er fungerande språksjef i NRK. Vel attende i Førde bar det rett i praksis i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane, og i rapporten kan du lese om kor godt dei leverte alt fyrste veka. Og korleis dei trivst som praktikantar.

I førre rapport, 16.12.16, hadde vi ikkje med alle som fekk fast arbeid i NRK i fjor. To til fekk det før året var ute, slik at totalt sju tidlegare nynorskpraktikantar fekk det i 2016. Det er same talet som året før.

Statusrapport-17.-03.-17-1.pdf (106 downloads)