Siri-Kleiven-Strøm
15. august 2016

Nyhendeanker i TV 2

Siri Kleiven Strøm vert nyhendeanker i TV 2 frå hausten av. Ho tek over etter Mah-Rukh Ali, som har vorte distriktsredaktør i NRK Buskerud. Kleiven Strøm har vore nyhendeanker i Nyheitskanalen i TV2 sidan nyttår 2015, og får no veteranen Arill Riise som makker i hovudsendinga til TV 2.

Siri Kleiven Strøm kjem frå Årdal, er fødd i 1987, og var nynorskpraktikant på det tiande kullet med nynorskpraktikantar i 2009. Etter at ho var ferdig her fullførde ho ein bachelor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, og arbeidde som journalist både i NRK Sogn og Fjordane og NRK Hordaland. Ho fekk fast jobb i Bergen og vart etter kvart programleiar for Vestlandsrevyen og Norge i dag.