15. februar 2017

Nyttig rundreise til kull 25

– Førebels har ein av fem nynorskpraktikantar på kull 25 fått lovnad om vikariat/sommarjobb der dei er i praksis. Og det er 19-åringen Josef Benoni Ness Tveit, som har ekstern praksis i NRK Nordland. Men det kan framleis lage seg for dei andre også, og to av dei har fått tilbod om sommarjobb i NRK, seier Magni Øvrebotten. Sist veke var ho på rundreise til praksisplassane i NRK Hordaland, Skolefri i NRK Super, NRK Hedmark og Oppland, Norgesglaset i NRK P1 og NRK Nordland.

– Det vert viktigare og viktigare at vi treffe planken med rett praksisplass for praktikantane, og at dei får synt kva dei er gode for frå dag ein. I Nordland var det nye utfordringar kvar dag, styrt av vaktsjef, og yngstemann på kullet blomstrar. Han fekk tilbod om vikariat og sommarjobb etter få veker. I NRK Nordland vågar dei å prøve ut folk og likar å satse på unge talent. Det er kjekt at det framleis skjer, seier Magni Øvrebotten.

Kull 25 har ekstern praksis ut februar, og to av dei har søkt og fått tilbod om sommarjobb i NRK Sogn og Fjordane. Sommarjobbane er ikkje avgjort rundt om enno, men dei vert lyste ut tidlegare og tidlegare for kvart år. – Difor er det viktig at dei som byrjar i ekstern praksis ved nyttår vert sett rett i arbeid, og får synt kva dei kan og ikkje. Dei har berre to månader å syne det på, seier Øvrebotten.

– Når det no skal vere slutt på tilkallingsvikarar i NRK er det ikkje enkelt å klore seg fast. Tilkalling har ofte vore «brua» mellom ekstern praksis og vikariat/sommarjobb for nynorskpraktikantane, og vi vil merke at den er vekke. No må det dukke opp lengre vikariat, som det kan vere mange om beinet til. Nynorskpraktikantane har tre års prioritet til stillingar dei er fullt ut kvalifiserte for, men det er lett å seie at dei ikkje er det etter eit halvår med opplæring og praksis. Eg håpar at dei beste folka får synt seg i tide og er på rett stad til rett tid. Men eg kjenner på ei gnagande uro for at mange talent kan bli rota vekk, seier Magni Øvrebotten.