26. oktober 2017

Oppmoda praktikantane til å tenkje nytt

Olav Nyhus tok seg tid til å gje praktikantane nokre tips og triks.

Olav Nyhus underviser i juss og etikk for nynorskpraktikantane på kull 27.

NRK-direktøren hadde eit stramt program då han vitja NRK Nynorsk mediesenter og NRK Sogn og Fjordane, men han tok seg likevel tid til ein prat med nynorskpraktikantane om framtida i NRK. Mellom anna var han oppteken av kor viktig det er at praktikantane finn tonen med folk i redaksjonane dei kjem inn i – og han understreka at det kan vere ein fordel å tenkje litt smart.

-Sjå korleis dei som allereie er i redaksjonen jobbar, men prøv helst å tenkje på ein ny måte også. De som er unge må gjerne vise dykk fram og bidra til nyvinning og innovasjon, sa Olav Nyhus.

Han fekk spørsmål om korleis NRK vil nytte Nynorsk mediesenter til å oppnå målet om 25 prosent nynorsk i medieverksemda. Han snakka også om ein krevjande bemanningssituasjon i NRK, noko som har gjort nålauga for dei som vil ha jobb endå trongare enn før.

-Strategidokumentet for nynorsk er tydeleg og klart. Det vil ikkje bli endra, sjølv om vi slit med å oppnå måla der. Eg trur vi rett og slett må få nynorskdelen lenger fram i hovudet på redaksjonsleiarane, sa Nyhus.

Han er direktør for avdelinga for juridisk, rettigheiter og personal i NRK. Dette er avdelinga der NRK Nynorsk mediesenter høyrer heime. Då Nyhus snakka til praktikantane, tok han først for seg juss og presseetikk. Han viste fram fleire døme på vanskelege vurderingar, mellom anna Treholt-saka og den såkalla legevaktsaka. Nyhus deltok deretter i eit lunsjmøte med dei tilsette i NRK Sogn og Fjordane. Han hadde også møte med leiinga ved distriktskontoret.

Olav Nyhus saman med praktikantane på kull 27 ved NRK Nynorsk mediesenter.