11. oktober 2017

Oslo-tur og praksis

Frå 18.-20. oktober skal kull 27 på studietur til NRK på Marienlyst, med besøk i mange redaksjonar. Dei skal også på Det Norske Teatret og vere fluge på veggen under Debatten i NRK 1.

Måndag 23. oktober går turen til Aasentunet i Ørsta, med omvising og innføring i historia til nynorsken, saman med nynorskpraktikantane i Nynorsk avissenter i Firda.

Tysdag 24. oktober byrjar kull 27 i praksis i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane, der dei skal arbeide som journalistar på alle plattformer fram til jul. Frå 3. januar til og med 28. februar skal dei i ekstern praksis elles i NRK, og vi driv og avklarar kvar dei skal.

Torsdag 26. oktober kjem direktør Olav Nyhus på besøk til Nynorsk mediesenter og NRK Sogn og Fjordane. Han er direktør for personal, juss og rettar i NRK og NRK Nynorsk mediesenter høyrer organisatorisk heime i den avdelinga.