25. oktober 2017

Praksisplassane for kull 27

Kull 27 skal i ekstern praksis frå 3. januar til og med 28. februar 2018. Arianrhod Engebø skal til P3 på Tyholt, Linda Watten til Supernytt i NRK Super, Synne Ulltang til Ekko i NRK P2, Ådne Sandvik Dyrnesli til nettredaksjonen Digital historieforteljing i NRK og Borghild Andersdotter Vevle til nettredaksjonen Superfront i NRK Super.

– Dette er dei to siste månadane deira som nynorskpraktikantar der dei må syne kva dei er gode for i nye redaksjonar. Denne tida er ofte avgjerande for om dei får halde fram i NRK eller ikkje, seier Magni Øvrebotten, leiar for Nynorsk mediesenter.

Dei fem nynorskpraktikantane byrja i praksis i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane tysdag 24.oktober og der skal dei vere til dei reiser frå Førde 21. desember. Dei får praksis på alle plattformer, dvs. nett, sosiale medium, radio og fjernsyn.