21. april 2017

Praksisplassane til kull 26

Om ei veke er kull 26 ferdig med opplæring og praksis i Førde. Frå 2. mai til og med 30. juni skal dei i ekstern praksis. Espen Breivik skal i avdelinga for økonomi og politikk i NRK Nyhende, Wibeke Bruland til NRK Finnmark og Aleksander Båtnes til NRK Møre og Romsdal. Sigrid Sørumgård Botheim skal til Kulturnytt i NRK P2 og Snorre Sandemose får praksis i NRK Sogn og Fjordane. Fire av fem har per. no fått seg sommarjobb etterpå.

Kull 26 byrja i praksis i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane 7. mars, og skal arbeide der til 28.april. Dei starta som nynorskpraktikantar 4. januar, og har fått opplæring i journalistikk, data, teknikk og nynorsk som mediespråk. Og dei har lært å arbeide på alle plattformer; nett, sosiale medium, radio og fjernsyn. – I redaksjonen i Førde får dei praktisert dette i samarbeid med røynde kollegaer, og dei kan framleis spørje faglærarane til råds om det er hol i kunnskapen. Vi trur dei fem på kull 26 skal vere godt skodde for både Alta, Ålesund, Førde og Oslo når vi rundar mai, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.