Adalheidur Oldeide

Adalheidur Oldeide

Fødd: 1988

Frå: Holvik, Sogn og Fjordane

No: Journalist i Bergens Tidende.

Adalheidur Audardottir Oldeide var nynorskpraktikant på kull 18, våren 2013. Ho hadde ekstern praksis i NRK Dagsnytt og har etterpå arbeidd i NRK Hordaland, Bergens Tidende og NRK Sogn og Fjordane. No er ho journalist i Bergens Tidende, i eit årsvikariat.

Adalheidur er halvt islandsk og før ho byrja som nynorskpraktikant hadde ho arbeidd for Leger uten grenser sidan 2008. Der var ho presseansvarleg for Hordaland og prosjektkoordinator for Vestlandet og Trondheim. Det medførde leiar- og personalansvar for omlag 15 tilsette.

Oldeide har eit årsstudium i medievitskap frå Universitetet i Bergen og var aktiv som nyhendejournalist i Studentradioen medan ho studerte.

 

Kull 18

Hanne Våge (1992), frå Stord, Hordaland

Adalheidur Oldeide (1988), frå Holvik, Vågsøy kommune, Sogn og Fjordane.

Vegard Tjørhom (1987), frå Sirdal i Vest-Agder

Trond Espen Bjoland (1993), frå Ågotnes, Hordaland

Inger Johanne Ruset (1985), frå Lingegrend, Møre og Romsdal