Aleksander Åsnes

Aleksander Åsnes

Fødd: 1990

Frå: Førde, Sogn og Fjordane

No: Journalist i NRK Sogn og Fjordane

Aleksander Åsnes var nynorskpraktikant på kull 24, våren 2016. Han hadde ekstern praksis i avdelinga for økonomi og politikk i NRK Nyhende og fekk eit årsvikariat i NRK Sogn og Fjordane etter avslutta praksis. 1. november 2016 vart han fast tilsett ved distriktskontoret i Førde.

Aleksander Åsnes skildrar seg sjølv slik:

– Eg kjem i frå kjerneområdet til nynorsken, og for meg er det like naturleg å nytte nynorsk i jobb- og studiesamanheng som det var på skulen. Eg har vore aktiv i politikken i mange år både på lokalt og nasjonalt nivå, og eg har eit sterkt samfunnsengasjement

Eg har ein bachelorgrad i samanliknande politikk i frå Universitetet i Bergen, og har også studert Juss og nordisk. Ved sidan av studia har eg vore aktiv i ulike frivillige organisasjonar som Studentersamfunnet i Bergen og Kulturutvalget ved Chateu Neuf i Oslo. Her fekk eg jobbe med samfunnsspørsmål med ein meir spørjande metode enn i politikken, og det var etterkvart dette som gjorde at eg fekk lyst til å prøve meg som journalist.

Kull 24

Solveig Svarstad (1989), frå Bremanger, Sogn og Fjordane

Martha Våge (1989), frå Sandsøy, Møre og Romsdal

Martin Torstveit (1992), frå Bø i Telemark

Aleksander Åsnes (1990), frå Førde, Sogn og Fjordane

May-Helen Rolfsnes (1993), frå Bømlo i Hordaland.