Aleksander Båtnes

Aleksander Båtnes

Fødd: 1992

Frå: Sula, Møre og Romsdal

No: Vikar i NRK Møre og Romsdal

Aleksander Båtnes var nynorskpraktikant på kull 26, våren 2017. Han har ekstern praksis i NRK Møre og Romsdal og fekk sommarjobb og vikariat der etterpå. Båtnes har ein bachelor frå Westerdals i Oslo, og har tidlegare jobba som journalist i både NRK P3, mP3 og Radio Ålesund.

Aleksander Båtnes fortel dette om seg sjølv:

– Eg har lenge vore klar over at eg vil jobbe i media. Mykje på grunn av gleda eg finn i å vere kreativ, fortelle historier og produsere innhald for fleire plattformer. Eg forelska meg tidleg i radioproduksjon, og set stor pris på sjansane eg har fått til å utvikle ferdigheitene mine gjennom jobbar i fleire redaksjonar.