Aleksander Vallestad

Aleksander Vallestad

Fødd: 1983

Frå: Stord i Hordaland

No: Musikkprodusent i NRK P1 og P1+

Aleksander Vallestad gjekk på kull 11 med nynorskpraktikantar, 2009/10. Han hadde ekstern praksis i NRK Hordaland og arbeidde der som journalist ei tid etterpå, før han vart fast tilsett som musikkprodusent i NRK P1 og P1+, med base i Bergen.

Før han byrja som nynorskpraktikant hadde han vore innom studiar i praktisk medieproduksjon og sosialantropologi, og gått Romerike folkehøgskule.  Han var leiar for Røde Kors Ungdom frå 2005-2008, og hadde i eigenskap av det også delteke i internasjonalt ungdomsarbeid. Vallestad hadde elles hatt sommarjobb i lokalavisa Sunnhordland, vore konsulent for sosiale medier i marknadsavdelinga til Røde Kors, og redaksjonsassistent i VG.

Kull 11

Mathias Oppedal (1985), frå Nærbø, Rogaland

Simon Solheim (1990), frå Florø, Sogn og Fjordane

Sara Myhren Kornberg (1987), frå Volda, Møre og Romsdal

Aleksander Vallestad (1983), frå Stord, Hordaland

Bjørn Ivar Voll (1985), frå Nedstrand i Rogaland