Anders Tesdal Galtung

Anders Tesdal Galtung

Fødd: 1994

Frå: Etne, Hordaland

No: Studerer rettsvitskap ved UiS.

Anders Tesdal Galtung var nynorskpraktikant på kull 25, 2006/17. Han hadde ekstern praksis i NRK Hordaland og sommarjobb der. Frå hausten 2017 studerer han rettsvitskap ved Universitetet i Stavanger.

Galtung har ein bachelor i medievitskap frå Universitetet i Bergen og har vore aktiv i studentradioen:

– I bacheloroppgåva mi stilte eg spørsmålet «er det rett at riksaviser som har redaksjonelt forbod mot nynorsk får momsfritak?». Dette spørsmålet kopla eg blant anna opp mot grunngjevinga av støtteordninga.

I studietida i Bergen var eg aktiv i  Studentradioen, som er den eldste lokalradioen i byen. Her starta eg i Studentmorgen, kor eg blei programleiar og dagsjef, før eg etter kvart også blei produsent for det same programmet, samt for humorprogrammet Banal Politikk. I tidlegare år var eg ein svært aktiv teiknar, men no er det musikk og film som er dei største interessene.