Ann-Iren Finstad

Ann-Iren Finstad

Fødd: 1980

Frå: Sandane i Sogn og Fjordane

No: Vaktsjef i NRK Nyhende

Ann-Iren Finstad gjekk på kull 9, i 2008/09. Ho hadde ekstern praksis i Kulturnytt og arbeidde der etterpå, som journalist og vaktsjef. Frå august 2017 er Finstad biletvaktsjef i den nye direkte-linja i NRK Nyhende. Det vil seie at ho skal drifte nettsendingane og oppdateringssendingane på fjernsyn på dagtid.

Ann-Iren Finstad har mastergrad i kultur- og samfunnsvitskap, med spesialisering i medievitskap, frå Universitet i Bergen. Ho har skrive masteroppgåve om kulturjournalistikk, men har også fag som informasjonsteknologi og freds- og konfliktstudiar i fagkrinsen.

Etter praksisen i Kulturnytt på P2 fekk ho jobb som reporter i same redaksjon. Ho har arbeidd i fleire redaksjonar i NRK Nyhende, men mest som journalist i Kulturnytt og Dagsrevyen.

 

Kull 9

Steinarr Sommerset (1983), frå Vanylven, Møre og Romsdal

Samina Bruket (1985), frå Bryne på Jæren

Ann-Iren Finstad (1980), frå Sandane, Sogn og Fjordane

Magnus Stokka (1985), frå Suldal i Rogaland

Erling Molt Korsnes (1984), frå Brattvåg, Møre og Romsdal