Bård Holmen Solvik

Bård Holmen Solvik

Fødd: 1985

Frå: Førde i Sogn og Fjordane

No: Kommunikasjonsrådgjevar i Valdirektoratet

Bård Holmen Solvik gjekk på kull 22, våren 2015. Han hadde ekstern praksis i innanriksredaksjonen i NRK Nyhende, og var tilkallingsvikar der til han byrja i kommunikasjonsavdelinga i Statistisk Sentralbyrå (SSB) i februar 2016. Frå 1. august 2017 fast tilsett som kommunikasjonsrådgjevar i Valdirektoratet.

Solvik har Bachelor i Midtaustenstudiar og Master i Fred og konfliktstudiar frå Universitetet i Oslo, og arbeidde som konsulent ved Instituttet for forsvarsstudiar før han byrja på NRK Nynorsk mediesenter.

Kull 22

Olav Åsen Haugsgjerd (1988), frå Grendi i Setesdal

Signe Fuglesteg Luksengard (1990), frå Leveld, Ål i Hallingdal

Gunnhild Årdal (1987), frå Jølster/Florø, Sogn og Fjordane

Steinar Daltveit (1989), frå Osterøy i Hordaland

Bård Holmen Solvik (1985), frå Førde i Sogn og Fjordane