Bergit Sønstebø Svendseid

Bergit Sønstebø Svendseid

Fødd: 1984

Frå: Drangedal i Telemark

No: Arbeider med sosiale medium i Redd Barna

Bergit Sønstebø Svendseid gjekk på det fjerde kullet med nynorskpraktikantar, våren 2006. Etterpå arbeidde ho ei tid i NRK før ho tok Master i internasjonal juss i London og var frilansar frå Sør-Afrika. No arbeider ho med sosiale medium på vestlandskontoret til Redd Barna.

– Før eg starta ved NRK Nynorsk mediesenter, hadde eg tatt ein bachelor i Internasjonale studier ved Universitetet i Oslo og brukt tida mi på frivillig arbeid i Changemaker. Draumen om journalistikken lura likevel i bakhovudet, og Nynorsk mediesenter blei sjansen til å ta den opp att. Opplæringa i Førde var utfordrande, praktisk og engasjerande. Etterpå hadde eg ekstern praksis i Dagsnytt, som igjen blei til fleire tilkallingsvikariat på desken i Alltid Nyheiter.

Nokre år seinare tok eg ein mastergrad i internasjonal juss ved School of Oriental and African studies i London.  Dei siste åra har eg budd i Sør-Afrika, der eg har frilansa for norske media. Når eg har vore heime, har eg jobba i NRK Telemark som reporter og nyhendelesar. Å få jobbe i heimfylket mitt, har vore ei særs hyggeleg erfaring! Etter heimkomst til Noreg hadde eg fyrst eit vikariat som rådgjevar for sosiale medium i Fredskorpset og deretter var eg kampanjerådgjevar i Redd Barna. Frå april 2016 har eg  fått jobb på vestlandskontoret til Redd Barna her i Bergen, og skal jobbe med mellom anna sosiale medium der. Eg har framleis dagleg bruk for verktya eg fekk som nynorskpraktikant når eg skal utforme korte, engasjerande bodskap.

 

 

Kull 4

Erlend Blaalid Oldeide (1984), frå Raudeberg i Sogn og Fjordane

Bergit Sønstebø Svendseid (1984), frå Drangedal i Telemark

Asgeir Reksnes (1979), frå Eid i Sogn og Fjordane

Ingrid Z. Aanestad (1983), frå Bryne i Rogaland

Øystein Windstad (1983), frå Aukra, Møre og Romsdal