Birte Njøsen Horne

Birte Njøsen Horne

Fødd: 1984

Frå: Florø i Sogn og Fjordane

No: SoMe-ansvarleg i Underhaldningsavdelinga

Birte Njøsen Horne gjekk på det andre kullet med nynorskpraktikantar, våren 2005. Ho hadde ekstern praksis i Nitimen og har mellom anna vore programleiar der etterpå, og arbeidd i fleire redaksjonar og program. No er ho SoMe-ansvarleg i Underhaldningsavdelinga

– Eg hadde min eksterne praksis i Reiseradioen og Nitimen og har vore tilsett i NRK sidan den gong. Eg hadde eitt år permisjon for å studere i New York.

Etter opplæringa som nynorskpraktikant starta eg som programleiar i NRK Sogn og Fjordane før eg flytta til Oslo og begynte å jobbe på Marienlyst. Her har eg jobba i mange ulike program, noko eg likar veldig godt. TV-aksjonen, Sommeråpent, Forbrukerinspektørene, Gratulerer med dagen (NRK si 17. mai-sending), Nitimen og Reiseradioen for å nemne nokre. I januar og februar 2016 har Horne eit eige program på P13, kalla «Birte».

Kull 2

Eli Fossdal Vaage (1984), frå Lindås i Hordaland

Ingebjørg Bø (1977), frå Bø i Telemark

Birte Njøsen Horne (1984), frå Florø, Sogn og Fjordane

Solveig Hareide (1983), frå Florø, Sogn og Fjordane

Janne-Marit Myklebust Falch (1981), frå Ørsta, Møre og Romsdal