Bjørn Ivar Voll

Bjørn Ivar Voll

Fødd: 1985

Frå: Nedstrand i Rogaland

No: Journalist i avisa Klar tale.

Bjørn Ivar Voll gjekk på kull 11 med nynorskpraktikantar, 2009/2010. Han hadde ekstern praksis i NRK Dagsnytt. No er han vikar i den lettlesne nyhendeavisa «Klar tale» .

Voll var vikar og tilkallingsvikar i Dagsnytt etter at han var ferdig som nynorskpraktikant, og arbeidde ei tid også i NRK Møre og Romsdal, før han gjorde ferdig ein Master i historie ved UiO, hausten 2014. Bjørn Ivar Voll har skrive bok om «Pilgrimsleden – en praktisk guide til vandringene».

Før han vart nynorskpraktikant hadde han ein Bachelor i statsvitskap frå NTNU, med fordjuping i historie. Han hadde og teke utvalde fag for medisin grunnfag ved Universitetet i Tromsø.

Elles hadde Bjørn Ivar Voll vore nettredaktør for Uka-07 , redaksjonssekretær for Kosorama, Trondheim Internasjonale Filmfestival i 2008, og nestleiar i prosjektseksjonen i ISFiT 2009, med personalansvar for 53 personar, økonomiansvar og administrative oppgåver, i tillegg til oppfølging av arbeidet til dei han var leiar for.

Kull 11

Mathias Oppedal (1985), frå Nærbø, Rogaland

Simon Solheim (1990), frå Florø, Sogn og Fjordane

Sara Myhren Kornberg (1987), frå Volda, Møre og Romsdal

Aleksander Vallestad (1983), frå Stord, Hordaland

Bjørn Ivar Voll (1985), frå Nedstrand i Rogaland