Borghild Andersdotter Vevle

Borghild Andersdotter Vevle

Fødd: 1993

Frå: Osterøy, Hordaland

No: Nynorskpraktikant

Eg er nynorskpraktikant i kull 27, hausten 2017. Etter vidaregåande arbeidde eg eitt år som vikar i barnehage og som assistent i pleie og omsorg. Deretter studerte eg journalistikk ved Norges Kreative Fagskule i eitt år, før eg utdanna meg til barnehagelærar ved Høgskulen på Vestlandet i Bergen.

Som tenåring høyrte eg på O-fag på P3 ein heil sommar, og eg hugsar at eg tenkte «herlighet, tenk å ha som jobb å prate og ha det gøy på radio!» Etter det var det den hemmelege draumen, og eg forsøkte å satse litt på den ved å byrje å studere journalistikk etter vidaregåande. Men eg feiga ut fordi eg var redd for å ikkje få jobb, så eg satsa på plan b og utdanna meg til barnehagelærar. Eg synes det er veldig kjekt og spanande å arbeide med born, men då eg var ferdig utdanna til våren 2017 kjente eg likevel at det ikkje var dette eg verkeleg ville. Så eg bestemte meg for å satse på draumen om radio likevel. Og heldigvis fekk eg plass som nynorskpraktikant!

Etter å ha arbeida med mange forskjellige menneske og vore frivillig språkvert, har eg erfart at alle ein møter har ei god historie på lur. Det er slike historier eg håper eg no kan formidle som journalist.