Christian Wiik Gjerde

Christian Wiik Gjerde

Fødd: 1981

Frå: Tjørvåg i Møre og Romsdal

No: Journalist i Framtida.no

Christian Wiik Gjerde gjekk på kull 14 med nynorskpraktikantar, våren 2011. Han hadde ekstern praksis i NRK Super og vart ein populær programleiar for barnetimen Superblokka i NRK P1. Han fekk Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2013, for god bruk av dialekt og nynorsk i NRK Super. Frå september 2017 er han engasjert av Framtida.no for å lage ei nettside for barn på nynorsk.

Etter at barnetimen Superblokka i NRK P1 vart lagt ned i 2013 arbeidde Wiik Gjerde som produsent i Rikskonsertane, skreiv bok og var lærar. Han har lærarutdanning frå Høgskulen i Trondheim. Han debuterte med barneboka «Jakta på firkløveren», på Samlaget i 2016. Boka er seld til både Tyskland og Russland, og han skriv på ei ny bok.

 

 

Kull 14

Jonas Sætre (1986), frå Stord i Hordaland

Ingrid Brandal Myklebust (1986), frå Fosnavåg, Møre og Romsdal

Ingvild Nave (1990), frå Bryggja, Sogn og Fjordane

Gry Brekke Hustveit (1983), frå Sola i Rogaland

Christian Wiik Gjerde (1981), frå Tjørvåg i Møre og Romsdal