Eli Fossdal Vaage

Eli Fossdal Vaage

Fødd: 1984

Frå: Lindås, Hordaland

No: Forfattar og vikar i Skrivekunstakademiet i Hordaland

Eli Fossdal Vaage var nynorskpraktikant våren 2005, på det andre kullet. Ho hadde praksis i Dagsnytt og Dagsrevyen, og har arbeidd i fleire NRK-redaksjonar i Trondheim og Bergen sidan den gong. Vaage er forfattar og har 80 % vikariat som kontorfullmektig ved Skrivekunstakademiet i Hordaland

Utdanning:Før NM hadde Eli teke ein halv bachelorgrad i Medievitskap ved Universitetet i Bergen. Etter at ho byrja i NRK, studerte ho fleire ulike emne innanfor retorikk, språk og samfunnsvitskap, før ho tok ein mastergrad i Litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen. I tilegg gjekk ho eit år på Skrivekunstakademiet i Bergen.

 Jobb: Etter praksis blei ho verande som tilkallingsvikar i Dagsnytt og Dagsrevyen, før ho blei invitert til å flytte til Trondheim for å jobbe i P3 Nyheiter. Der likte ho seg særs godt, og blei verande halvtanna år. Så lokka Vestlandet, og Eli reiste til Bergen. Der har ho hatt fleire vikariat  og vore tilkallingsvikar i NRK Hordaland fram til nyttår 2014.

 Anna: Eli debuterte med diktsamlinga Hekla Myter våren 2014.

 

Kull 2

Eli Fossdal Vaage (1984), frå Lindås i Hordaland

Ingebjørg Bø (1977), frå Bø i Telemark

Birte Njøsen Horne (1984), frå Florø, Sogn og Fjordane

Solveig Hareide (1983), frå Florø, Sogn og Fjordane

Janne-Marit Myklebust Falch (1981), frå Ørsta, Møre og Romsdal