Elin Thingvoll Berge

Elin Thingvoll Berge

Fødd: 1980

Frå: Vik, Sogn og Fjordane

No: Medielærar Bergeland v.g. skule, Stavanger

Elin Thingvoll Berge var nynorskpraktikant på kull 8, våren 2008. Ho hadde ekstern praksis i NRK.no, og var vikar/tilkallingsvikar der etterpå. Men ho valde å gå attende til fast jobb som lærar framfor eit usikkert liv som tilkallingsvikar.

– I 2008 var eg journalistpraktikant ved Nynorsk mediesenter med påfølgjande praksis i nrknyheter.no. Her heldt eg fram i eit halvt års vikariat og seinare som tilkallingsvikar i ein periode.

Eg har master i medievitskap frå Universitetet i Bergen, der eg skreiv om korleis elevar på programfag Media og kommunikasjon nyttar sosiale medium i klasserommet. Av anna utdanning har eg Bachelor i Media, IKT og design frå Høgskulen i Volda, der eg òg tok eit semester med «media studies» ved La Trobe University i Melbourne, Australia. I tillegg har eg tysk og norsk grunnfag frå Høgskulen i Volda, samt praktisk pedagogisk utdanning frå Universitetet i Tromsø.

I jobben min som medielærar underviser eg både teknisk og teoretisk innanfor film, foto, journalistikk og grafisk design. Eg har òg hovudansvar for eit utvekslingsprosjekt som gir medieelevar høve til å ta Vg2 Media og Kommunikasjon ved Somerset College i England.

Har elles god erfaring med tekst, bilete og videoproduksjon, både frå utdanningssamanheng, som medielærar og som journalist

 

Kull 8

Eivor Brandseth (1985), frå Skogn i Nord-Trøndelag

Roger Sevrin Bruland (1977), frå Utvik, Sogn og Fjordane

Marit Holmquist Fenne (1980), frå Elnesvågen, Fræna, Møre og Romsdal

Olav Arne Nedrelid (1978), frå Fjørtoft, Møre og Romsdal

Elin Thingvoll Berge (1980), frå Vik, Sogn og Fjordane