Eline Buvarp Aardal

Eline Buvarp Aardal

Fødd: 1984

Frå: Namdalseid, Nord-Trøndelag

No: Programleiar/journalist i NRK Dagsrevyen

Eline Buvarp Aardal gjekk på kull 7 med nynorskpraktikantar, i 2007/2008. Ho hadde ekstern praksis i Her og Nå-redaksjonen på Tyholt, og fekk vikariat i NRK Sogn og Fjordane etterpå. Ho arbeidde to år i Førde før ho studerte russisk i Kviterussland. Aardal vart vikar i Dagsnytt i 2011 og gjekk vidare til Dagsrevyen, der ho fekk fast jobb i 2014. Der er ho reporter og programleiar, og har no foreldrepermisjon til mars 2018.

Før ho vart nynorskpraktikant hadde Eline Buvarp Aardal ein Bachelorgrad i statsvitskap og tysk frå NTNU. Ho hadde vore kulturjournalist og reportasjeredaktør i studentavisa Under Dusken.

 

Kull 7

Ingunn Viken (1980), frå Ona, Møre og Romsdal

Ivar Folkedal (1983), frå Ål i Hallingdal

Eline Buvarp Aardal (1984), frå Namndalseid, Nord-Trøndelag

Håvard Tvedte (1981), frå Stord, Hordaland

Eva Marie Felde (1981), frå Breim, Gloppen i Sogn og Fjordane