Elise Sundfør Erdal

Elise Sundfør Erdal

Fødd: 1986

Frå: Tysvær kommune, Rogaland

No: Lærar i vaksenopplæringa i Oslo

Elise Sundfør Erdal var nynorskpraktikant på kull 23, 2015/2016. Ho hadde ekstern praksis i programmet Kulturhuset, NRK P2, og sommarjobb i Reiseradioen. Hausten 2016 fekk ho fast jobb som lærar i Oslo vaksenopplæring, der ho underviser folk som har budd ei kort tid i landet.

Elise Sundfør Erdal seier dette om seg sjølv:

– Eg har master i nordisk språk frå Universitetet i Oslo, og har også studert historie, spansk og pedagogikk (PPU). I studietida hadde eg praksis i informasjonsavdelinga ved Den nationale scene i Bergen, og i NRK Drama/Radioteatret på Marienlyst. Eg er interessert i historie, kultur og språk og eg elskar å reise.

Kull 23

Line Omland Eilevstjønn (1993), frå Åmot, Vinje i Telemark

Kjersti Anderdal Bakken (1990), frå Gol i Hallingdal

Even Lusæter (1979), frå Heidal/ Vågå, Oppland

Elise Sundfør Erdal (1986), frå Tysvær i Rogaland

Thomas Brakstad (1989), frå Meland i Hordaland