Erlend Blaalid Oldeide

Erlend Blaalid Oldeide

Fødd: 1984

Frå: Raudeberg i Sogn og Fjordane

No: Journalist/programleiar i NRK Sogn og Fjordane

Erlend Blaalid Oldeide gjekk på det fjerde kullet med nynorskpraktikantar, våren 2006. Han hadde ekstern praksis i NRK Nordland og arbeidde der eit års tid etterpå, før han fekk fast jobb i NRK Sogn og Fjordane. Der er han journalist og programleiar, mellom anna mykje brukt til å leie debattar og politiske utspørjingar.  (04.10.17) For tida utlånt til NRK Hordaland i samband med flyttinga deira til nye lokale i Bergen. 

 – CV’en min før eg kom inn på Nynorsk mediesenter er temmeleg beskjeden.  Eg hadde lite relevant erfaring og enno mindre utdanning før eg kom inn på Nynorsk mediesenter. Eit par artiklar for lokalavisa Fjordenes tidende og nokre notisar for fagbladet Norsk Fiskeoppdrett var det eg kunne skilte med, i tillegg til eit knapt årsstudium i administrasjons- og organsiasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen.

På sida av det hadde eg eit politisk engasjement som involverte verv som fylkesstyremedlem og lokallagsleiar i AUF, og som folkevalt i Vågsøy kommunestyre og vara til formannskap og hovudutval for opplæring i Sogn og Fjordane for Arbeidarpartiet.

Med opplæringa eg fekk på mediesenteret fekk eg likevel bagasjen som var naudsynt for å kunne gje meg i kast som journalist. Etter eit fantastisk år i NRK Nordland, kom eg tilbake til heimfylket og NRK Sogn og Fjordane, der eg i dag er reporter og programleiar. Eg kjenner meg på rett hylle i livet.

Kull 4

Erlend Blaalid Oldeide (1984), frå Raudeberg i Sogn og Fjordane

Bergit Sønstebø Svendseid (1984), frå Drangedal i Telemark

Asgeir Reksnes (1979), frå Eid i Sogn og Fjordane

Ingrid Z. Aanestad (1983), frå Bryne i Rogaland

Øystein Windstad (1983), frå Aukra, Møre og Romsdal