Erling Molt Korsnes

Erling Molt Korsnes

Fødd: 1984

Frå: Brattvåg, Møre og Romsdal

No: Programleiar Nattradioen i NRK P1.

Erling Molt Korsnes gjekk på det niande kullet med nynorskpraktikantar, i 2008/2009. Han hadde ekstern praksis i NRK Trøndelag, og fekk fast tilsetting i trafikkredaksjonen på Tyholt. No er han programleiar for Nattradioen i NRK P1, og Radiolangs og Nonstop i P1+.

Korsnes var i fleire år journalist i NRK Trafikk, og har jobba både med radio, TV og nett på Tyholt. Han er utdanna på NTNU med todelt bachelor i statsvitskap og medievitskap. I studietida var han og aktiv i studentradio, og hadde jobbar i alt frå matfabrikkar og lager til butikkar.

 

 

Kull 9

Steinarr Sommerset (1983), frå Vanylven, Møre og Romsdal

Samina Bruket (1985), frå Bryne på Jæren

Ann-Iren Finstad (1980), frå Sandane, Sogn og Fjordane

Magnus Stokka (1985), frå Suldal i Rogaland

Erling Molt Korsnes (1984), frå Brattvåg, Møre og Romsdal